Hei!
Eg føler meg nedfor og har det ikkje so lett. Eg fekk vite i fjor at eg har PCOS(er normalvektig, ca.50kg), etter å ha prøvd lenge med å bli gravid. Prøvde då ulike tabletter, utan hell. Tok kikhullsoperasjon i mai, der eg fekk beskjed av kirurgen at dersom operasjonen gjekk fint, så var eg kvitt PCOS for godt. Når eg fekk vite etter operasjonen at alt var gått greit, så såg eg veldig framover og tenkte at dette ordna seg. Når eg kom tilbake til gynekologen, så sa han at eg aldri kom til å bli kvitt PCOS- syndromet. Det må eg leve med. Prøvde igjen med tabletter, utan hell. Fekk då beskjed om at det ikkje var vits i å prøve meir, så neste steg blir prøverør. No sitter eg her og veit ikkje heilt kva eg skal føla og tenka.
Gynekologen sa at det var stor fare for overstimulering. Eg sit igjen med mange spørsmål som eg ikkje har fått svar på, og føler alle svarer ulikt. Eg veit ikkje kva som skjer når det blir overstimulering, eller kva som er forskjellen på PCO og PCOS, eller om det er det samme(det har blitt sagt begge til meg).
Eg har det vanskeleg, for det føles som om "alle" rundt meg blir gravide og har fått barn. Veninner seier dei er blitt gravide, og det skjedde på første forsøk, det var så enkelt osv... Det er så tungt for meg å høyre dette. Det inneberer at eg nesten ikkje er glad på deira vegne, og føler meg veldig misunneleg. Veninnene mine spør meg om ikkje eg skal få baby snart, det same gjeld mange av kollegaene mine. Eg har god utdanning, god jobb, ein forståelsesfull sambuar som eg har vert saman med i mange år no. Me har kjøpt hus saman, og eg føler livet er perfekt, utanom det å ikkje kunne få baby.
Det er einaste eg og sambuaren min som veit om dette, og eg føler på eit savn å lufta tankane mine om dette og å kunna snakka om det. Men eg vil ikkje seie det til veninner og familie endå, sidan eg trur det blir verre. Då ser eg for meg at dei blir både skuffa (sidan eg ikkje har sagt det før), triste og lei seg, og at dei kjem til å sjå på meg på ein annan måte. Eg vil ha forståelse, men ikkje på ein slik måte at eg blir meir nedbrutt av det. Eg har ikkje lyst til å høyra "Åå! Stakkar deg." eller "Off! Det må vera heilt forferdelig. Korleis takla du da.. osv".
Det kjem alltid opp spørsmålet om barn og om korti me skal ha. Når dette tema kjem opp, så knyter det seg i magen. Familien min spør meg nesten kvar gong eg er heima om at dei vil ha barnebarn. Bestemor mi har også begynt å hinte frampå at det hadde vert kjekt å blitt oldemor snart.
Eg føler meg so åleina med detta, og sambuaren min er som menn flest(trur eg). Han tar det som det kjem, seier at dette skal me greie og snakkar ikkje so mykje om det. Eg føler eg må snakke om det, for det har blitt ein stor del av meg, og noko eg selvfølgeleg går å tenker på. Og eg har so mange spørsmål. Eg veit ikkje kva som skjer ved prøverør, og korleis behandlinga blir. Eg er bekymra for at eg aldri blir gravid eller skal få ein baby.